Nyheter

noimage

Kilde: Pixabay.com

Oppfølging av politiske vedtak i Suldal kommune
Suldal kommune har i hovudsak eit betryggande system for administrativ oppfølging av politiske vedtak.

Føremålet med prosjektet har vore å kartleggje og vurdere Suldal kommune sine rutinar for og resultat av administrasjonen sin oppfølgjing av politiske vedtak.

Revisjonen har basert seg på stikkprøver av saker i kommunestyret, i formannskapet og i dei to hovudutvala. Ordførar og varaordførar og gruppeleiarane er intervjua. Også dei to hovudutvalsleiarane er intervjua. På administrativ side er rådmannen og kommunalsjefane intervjua, samt leiar for servicetorget.  

Politikarane er godt nøgde med den informasjonen dei får frå administrasjonen om korleis det går med saker som skal følgjast opp. Det vert vist til både tertialene, årsmeldinga, rådmannens oppfølgingsliste (av dei som sit i formannskapet) og til skriftlege og munlege opplysningar gitt i politiske møte. Politikarene meine og at dei enkelt og ubyråkratisk får informasjon frå saksansvarlege om status i saker dei er interesserte i. Alle dei intervjua peikar på høg grad av tillit mellom dei folkevalde og den administrative leiinga.

Rådmannen innførte for nokre år sidan ei liste med oversikt over vedtekne politiske saker som krev nærare oppfølgjing i administrasjonen. Lista er eit hjelpeverkty for rådmannen og administrasjonen for å sikre at saker vert fulgt opp og kvittert ut som føresett av dei folkevalde.

Opptellinga av saker på lista eit knapt halvår inn i 2018, viser at det store fleirtalet av saker anten er ferdige eller at oppfølginga er starta opp. 24 % av sakene er ferdige medan 47 prosent av sakene er starta opp med omsyn til oppfølging. 

Gjennomgangen av saker oppført i oppfølgingslista, syner at 25 saker er frå 2017 eller tidlegare vedtaksår. 19 av desse sakene er frå 2017, medan 3 er frå 2016, 1 sak er frå 2014 og 2 saker er frå 2013. Dei tre eldste sakene gjeld oppfølgjing av Klima- og energiplanen, kartleggjing av kommunale bygningar med omsyn til universell utforming og planleggjing av drift av dagaktivitetstilbodet på Sand.

Kommunen nyttar sakshandsamingssystemet WebSak  for vedtaksoppfølging. WebSak gjer det mogleg å knytte vedtaksoppfølging til eit sakspapir slik at kommunen kan sjå kva som skjer eller har skjedd i ein sak etter at eit vedtak er fattet. WebSak er basert på prinsippene om éin sak – éin sakshandsamar og fullført sakshandsaming. Slik Suldal kommune i dag nyttar Websak, vert ikkje kategorien «ferdig iverksatt» nytta. Dette er siste leddet i rutinen før saka er endeleg handsama. Dette er i hovudsak ein formalitet og stadfestar når ei sak er avslutta.

Korleis det går med framdrifta i administrasjonen sin oppfølgjing av saker, vert rapporterte i dei to tertialrapportane til kommunestyret. I tillegg til dei formelle rapporteringene gjennom tertialar og årsmelding, kjem andre både skriftlege og munlege orienteringar til dei folkevalde. Politikerne tek dessutan direkte kontakt med rådmann, aktuell kommunalsjef eller sakshandsamar om dei vil forhøyre seg om status i saker dei er opptatt av.

Suldal kommune har eit vel utvikla system og rutinar for rapportering til dei folkevalde om administrasjonen sin oppfølging av politiske avgjerder. Intervjua med utvalde politikarar i Suldal syner at dei fleste er godt nøgde med den informasjonen dei får. Det er imidlertid eit område som fleire av politikarane meiner kunne vore betre. Det gjeld utviklinga i nokre av dei større byggeprosjekta i kommunen, kor det i nokon tilfelle har vore budsjettoverskridingar og forseinkingar.

Kommunestyret sitt vedtak i 2016 om å spara inn 19,5 årsverk er i hovedsak i rute. Innsparingane på kultur er utsette etter politisk avgjerd. Samla er antalet årsverk frå starten av 2016 til utgangen av 2017 blitt redusert med over 15 årsverk – frå 456 årsverk i 2016 til 441 årsverk ved utgangen av 2017. Reduksjonane som kjem i 2018 og dei med verknad frå starten av 2019, er i hovudsak i rute. I følgje 1.tertial er vedtaket om sparing av 100 prosent stilling i administrasjonen per 30.04.2018 ikkje blitt gjennomført, jf. 1. tertialrapport 2018.

Les hele rapporten her.

Kontaktperson for prosjektet er Ståle Opedal, stale.opedal@rogaland-revisjon.no, tlf 46 46 98 19.

Publisert 28.09.2018 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • x
  • x