Rapporter

Oppfølging av planar i Time kommune

Publisert: 24.10.2018 Oppdatert: 08.09.2019

Kommunen sitt arbeid med planar på eit overordna nivå skapar gode føresetnader for at planane vert levande og relevante styringsdokument.

Føremålet med prosjektet dette prosjektet har vært å undersøkje i kva for ein grad sektorvise planar i Time kommune er egna til å styre etter, og korleis dei verte følgde opp i etterkant. 

I prosjektet har vi sett den totale mengda planar i Time, og korleis kommunen har arbeidd med eigen planstrategi og planar på eit overordna nivå. Vi har dessutan sett nærare på på fire utvalde planar som dekker ulike delar av kommunen sin verksemd.

Plansystemet generelt. Time kommune har ikkje spesielt mange planar samanlikna med nabokommunane. Kommunen har likevel relativt mange planar som skal utarbeidast eller som er blitt revidert i inneverande valperiode.

Planstrategien, oppfølgingen og evalueringen i etterkant, reflekterer eit sterkt planmedvit i kommunen. I motsetnad til fleire andre kommunar, har Time i planstrategien synleggjort korleis utvalde planar skal sanerast eller inngå i nye planar eller planrevisjonar. I tillegg er strategiarbeidet grundig evaluert i etterkant, og vurderinga herfrå vil brukast i den kommande planstrategien til kommunen. Det blir dessutan rapportert årleg om statusen til kommunale planer i henhold til planstrategien og prioritering av reguleringsplanar.

I sum skapar dette gode føresetnader for eit effektivt kommunalt plansystem, der mengda temaplanar er godt tilpassa behovet i kommunen.

Eit av spørsmåla som vart reist av kontrollutvalet forut for det vedtekne mandatet for dette prosjektet, var: Er det planar som berre vert liggande i ein skuff? Etter vår vurdering skapar måten kommunen arbeider med planar på eit overordna nivå, gode føresetnader (men ingen garanti) for at planane vert levande og relevante styringsdokument.

Vi har dessutan vald ut fire planar som case for å belysa problemstillingane i mandatet. De fire er: Energi og klimaplan (2011-2022), handlingsplan mot barnefattigdom (2013-2016), næringsstrategi (2015-2020) og strategiplan for oppvekst (2016-2022). Dei to første planane er frå høvesvis 2011 og 2013, medan dei to siste er frå 2015 og 2016. Vår gjennomgang tydar på følgjande:

  • Planane har brei forankring og er i all hovudsak gode styringverktøy. Dei har alle nokre utvalde hovudstrategiar som gjev planen ein tydeleg retning, samstundes som dei er konkretiserte i målbare tiltak.
  • Planane vert følgd opp i Timeplanen og kommunen sine årsrapporter, men deira fotavtrykk i Timeplanen er ulikt.
  • Det er ingen tydeleg skildring av korleis planane skal følgjast opp i etterkant, av kven, når, og korleis det skal rapporterast tilbake. Veljar ein å bruka ressursar på å utarbeida ein temaplan, bør ein òg ha ein plan for oppfølging.
  • Verken dei eldste eller dei nyaste planane er evaluert i sin heilskap, sjølv om dei er delvis evaluert i Timeplanen. Difor er vi ikkje heilt sikre på måloppnåinga.
  • Eit av hovedmåla i kommunen sin klimaplan er at utslepp av klimagassar skal reduserast med 10 % i forhold til 1991-nivå. Endringar i kva for utsleppskjelder som er inkludert i statistikken gjer det vanskeleg for kommunane å ha kontroll med om klimamålet er nådd. Tala for 2016 er ikkje moglege å samanlikna med tala for 1991, fordi det har vore endringar i kva for utsleppskilder som er inkludert i statistikken.
  • I miljøplanen er det gjennomført ei rekkje tiltak i samband med energiforbruket i kommunale bygg, noko som ser ut til å hatt god effekt. I Time har det likevel vore ein auke i klimagassutsleppet frå 1991 til 2016, sjølv om det er usikkert kor stor auken har vore.
  • I 2016 stod landbruk og vegtrafikk for 96 prosent av klimagassutsleppa i kommunen. Dersom Time skal ha ein ambisjon om å redusera utsleppa, er det på desse områda det er viktigast å handla.